Ina i USA 08/09 - Life in the O.C -

Eitt år

Då var det faktsik ett år sidan eg satte meg på flyet og reiste til USA. Det er rart å tenke på, for no som eg liksom er tilbake til virkeligheten, går på skulen, jobba og gjer alt det andre som er normalt i livet mitt, føles det litt som om det berre var en drøm, som egentlig ikkje skjedde. Då synst eg det er kjempekjekt å følge med på bloggane til dei reiste i år, sjå blider og høre om korleis dei har det, og alle dei tinga dei opplever. Eg kjenne meg igjen i masse av det dei seie, og då blir det litt virkelig igjen. Når eg leser om dei som kom til familiar dei absolutt ikkje passar ilag med, tenker eg at fy søren så heldig eg var som kom til The Georges. Sjøl om vi ikkje alltid var enige, og eg kunne tenke meg å berre gå ut døra og aldri komme tilbake nåkken gangar for eg var så lei av dei, var eg utruleg heldig. Eg savnar dei. Masse. Dei er jo fantastiske folk, og eg håpar at eg alltid kan ha like god kontakt med dei som eg har hatt no dei tre månadane etter at eg kom heim. En ting er hvertfall sikkert. Eg skal tilbake.
I slutten av Juni kjem Bethany på besøk og, og eg gleda meg nåkke vanvitting. Skal bli utrulig artig å sjå ho igjen, og vise ho kor eg kjem fra. Eg kan nok ikkje vise ho nåkke som kan måle seg med Hollywood, Las Vegas og San Fransisco, men nåkken bra må eg vel finne på. Ho er glad i natur, så det er jo en fordel. Vi mangla jo ikkje natur i Norge, akkuratt.
For et par veker sia fekk eg Yearbook'a mi fra i fjord og, med masse koslige helsingar, både fra lærarar og masse folk fra forskjellige klassar. Det fulgte med en video fra skulen og alle dei tinga vi gjorde iløpet av året og, men har ikkje hatt tid å sjå den ferdi enda. Med det er hvertfall et supert minne, så anbefala alle som er der borte no å skaffe seg ei ekte, amerikansk årbok. Eg hadde til og med fått mi eiga side i boka, der dei faktisk hadde klart å plassere meg I Gaular, Norge. Ikkje verst, med tanke på at det hadde plassert meg i Tyskland den gangen eg var i skuleavisa.


yearbook



Sommaren så langt, i bilder

sommar

katrine og maria

elisabeth2

elisabeth3

img0090

meg og pappa

img0196

katrine

img0238

krabbe

img0271
img0263

img0281











God sommar!

No har eg allerede vore heime i tre veker, og livet er egentlig ikkje så langt vekke fra tilbake til normalen. Eg har jobba i to veker, og etter i morra tar eg sommarferie i to veker. Eg berre kosar meg for tida, og det skal bli enda bedre i ferien. Skal til Åsane på ikea og kjøpe møblar til rommet mitt, sånn at eg får plass til alle klea mine. Skal og ha min første kjøre time på tirsdag, og eg gleda meg! Men fy så dyrt det er. 590 kr per time. Neste helg så reise vi sørover, og skal på ekte, Norsk campingferie. Turen går til Kristiansand, og dyreparken, og så reiser vi til stathelle.
Eg har og fått laga ei fotobok som skulle sendast til Georgane som takk for alt dei gjorde for meg, men når den kom i posten i dag, var det kun bilder på dei første fire sidene. Var kjipt, men fekk hvertfall pengane tilbake, så skal japan foto hjelpe meg å finne igjen albumet, sånn at eg ikkje trenge å begynne helt på nytt. Berre kjedelig at det tar sånn tid.

God Sommar!

rognstranda

Rognstranda, rett ved Stathelle



 

Home sweet home

Då har eg faktisk vore heime i 10 dagar. Turen heim gjekk mykkje fortare enn frykta, og det var helt supert å komme tilbake til Norge etter så lang tid. Til og med mine 70 kilo bagasje fekk eg med meg heim, etter litt om og men, og en del dollar fattigare. Eg møtte mamma og pappa på flyplassen i Oslo, før vi flydde heim i lag. Det var virkelig supert å sjå dei igjen, og det blei nåkken tårer då og. Vel heime på Sygna igjen stod søstrene mine i døra og venta, og inne var det en heil gjeng til. Besteforeldre, tanter, onklar, søskenbarn og Hilde og Terese stod og venta når eg opna døra til stova. Eg visste ikkje ka eg skulle sei, men det var helt supert å sjå alle sammen igjen. Det var veldig rart å være heime igjen, men utrulig deilig. Etter at eg kom heim har eg egentlig hatt nåkke å gjære stort sett heile tida. Litt farting rundt om kring for å møte folk igjen, så var det konfirmasjonen til Malene, som var en veldig koslig dag, masse bilkjøring, en del besøk, og igår hadde eg min første dag tilbake på jobb på spar. Det blir veldig greit å tjene litt pengar igjen, så var det egentlig ganske kjekt å være tilbake. Etter jobb i går var vi en heil gjeng som for bort til Stein Åge for å grille å sjå film. Var kjempe kjekt å være samla igjen. Alt i alt, så kosa eg meg heime. Selfølgelig savna eg USA, men akkuratt no nyter eg å være her med vennar og familie.

ina katrine malene

katrine

inaa2

img0008

img0041

img0058

img0143
'img0145
img0146

img0148

img0153















Pakka og klart, no kjem eg heim

Så var det faktisk over. I morra reiser eg heim igjen til Norge etter ca 9 månadar her i USA. Etter at vi kom heim fra Oxnard har dagen gått med i pakking, og ja, eg måtte gå til innkjøp av en ny koffert. Når eg gjekk i gang med pakkinga var eg egentlig ganske så posetiv på at ditta skulle gå bra. Det tok ikkje lang tid før vi fann ut at det ville bli billigare å kjøpe en ny koffert og betale for å få den med på flyet, enn å sende det som ikkje ville passe i dei to ikkje akkuratt små koffertane eg allerede hadde. Kor alle tinga kjem fra, skjønna ikkje eg. Eg kasta jo en heil haug med ting som ikkje var brukande lengre, og enda har eg ikkje akkuratt god plass til alt sammen. Jaja, eg får det hvertfall med meg. No skal eg skaffe meg litt meir musikk på ipoden min, så skal eg legge meg å sove ei siste natt i Amerikaland, i et veldig tomt sove rom, før eg begir meg ut på ca 15 timar i fly i morra, og neste gang vi bloggast, blir det nok fra heime på Sygna i gode gammle Norge. Snakkast!

Siste dagen på El Toro High School

Lenge sia eg har fått blogga no, på grunn av den pin koden som trengst for å logge inn. Uten norsk telefon nummer blir det litt vanskelig å få til. Sia sist har det skjedd litt forskjellig. På torsdag var eg med Bethany for å sitte barnevakt. Eg fekk Matthew på fire til å digge meg, sia eg kunne trylle. Eg fekk nemmelig gummi bjørnar til å komme ut av øyrene hans. Han vart helt gira, trur vi holdt på med det i en time. Han ville at eg skulle være med Beth neste gang og, men når eg forklarte at då hadde eg reist heim til mammaen og pappaen min, og at det tok veldig lang tid å reise tilbake, sa han at han kunne vente i en heil dag på meg. Så er tida mi på El Toro High School over. Fredag var siste skuledagen min, og det var en helt super dag. Begynte i Biologi, der vi ikkje gjorde nåkke som helst anna enn å sitte å prate. Miss Carter hadde kjøpt et helt brett med pepsi boksar, ett brett med mini pringles boksar, og en heil boks med sure punch snurra som eg kunne ta med med og dele ut til alle vennane mine. Eg følte ikkje for å bære på alt det, så eg og Beth stappa litt oppi veskene våre, og ga resten til folka i klassen. I Web Design fekk eg ballong som stod We?ll miss you på, og et kort som alle hadde skreve ei helsing på. Eg fekk eg låne et videokamera av Mr. Abdou, så gjekk eg, Ashley og Jennifer ut og filma rundt om på skulen og tok litt bilder som Mr. Abdou putta inn på en dvd i lag med alle prosjekta eg har laga i klassen heile året. Gleda meg til å sjå den, trur det kan bli eitt artig minne. Så var eg så heldig å få med meg årets siste pep-ralley, der blant anna male cheer stod på tapetet. Ikledd sports bh?a  og avklypte, superkort jeans, var det guttane sin tur til å være cheerleadera, og dansa ett par, emm.. snåle, men morsomme dansar. I lunchen tok vi end-of-the-year bilder, som eg trur endar opp i årboka, eller på årbok dvden. Spansk var min alle siste time på El Toro. Klassen hadde laga til party, så vi åt masse god mat og satt og prata heile timen. Dagen var virkelig en kjempekjekk avslutning på et veldig bra år. Det var veldig rart å være ferdig egentlig. Det som har vore en så stor del av livet mitt sia eg søkte for over to og et halvt år sia, er så godt som ferdig. Etter skulen reiste vi rett til Oxnard, en liten strand by rett utafor Santa Barbara. Vi bur på ett ekte Beach Resort, rett på stranda. Hotellet er som tatt ut fra en film, men hula-hula musikk i bakgrunnen. Når vi kom hit hoppa vi rett i boblebadet, og slappa av der lenge. I går var været våre nydelig, så eg og Beth låg ute med bassenget heile dagen. Vi fant ett sånt lite spa basseng som var litt vekk gjømt, så vi var så godt som aleine der heile dagen. Var helt hærlig, fekk skikkelig syden følelse. Kjekt å endelig få sola seg litt, og få litt farge på kroppen. Eg klarte til og med å unngå å bli solbrent, nåkke eg alltid blir dei første gangane eg sola meg kvart år.
I dag har vi ikkje vår like heldige med været, så vi begynte dagen på farmers market, men det var ikke så veldig spennande, så vi kjørte heller rundt i Oxnard og såg oss litt rundt. Husa her er kjempefine, og hagen til dei aller fleste er stranda. Når vi kom tilbake for eg og Beth ned på stranda for å gå litt rundt, men sia det var overskya og vind, blei det litt kladt. Heldigvis klårna det opp utpå dagen, så vi fekk oss et par tima på bassengkanten i dag og. Kjempedeilig.
I morra reiser vi heim igjen, men før det skal vi ta manekyr og pedikyr. Så blir det rett heim å pakke ned alle tinga mine, før vi reiser på flyplassen på formiddagen på tirsdag. Tenk det, berre en heil dag igjen.. Det er så rart!
Så vi eg gratulere verdens beste mamma med dagen i dag. Håpa du kosa deg masse. Kjempegla i deg!

Bilder fra siste skuledagen

p1040732
Beth, Rachel, Ashley, Sami, Meg og Udara
p1040727
Meg og Mr. Abdou, web design læraren min
p1040730
Ambreen, Udara og meg
p1040751
Udara, meg, Rachel og Sami
p1040758
Mikki laga muffinsa til meg

p1040761
Meryn, Jenny og Mikki

p1040763
Meg og Lexxi

Så litt bilder fra Oxnard

img0199
Hotellet

img0195
Min og Bethany's private oase

img0194

img0198
Lunch på ballkongen
















Jordskjelv

I går hadde vi jordskjelv her. Det var det første skikkelige jordskjelvet eg har kjent, og eg forstod ikkje helt ka som skjedde før det var over. Det begynte med nåkken rare lyda som eg ikkje forstod helt kor kom fra, så begynte vindua og det som hang på veggane å dirre, før det begynte å riste skikkelig, så då var det berre å springe bort i dørkarmen og sette seg med armane over hovet. Det var ca 5 i styrke, så det var stort nok til at litt vundu blei knuste rundt om kring, og litt ting som datt ned fra veggar. Ingenting sånn skjedde her i huset heldigvis.
I dag har eg hatt en veldig kort skuledag på grunn av testing. Begynte klokka kvart over elleve, hadde biologi, og så fekk eg gå heim sia eg ikkje hadde nåkke å gjere i aiding. No har eg sykkla, så sitte eg her å venta på at dei andre skal komme heim. Michael Hildebrand fyren kjem i kveld, og kan ikkje akkurat sei eg gleda meg til å sitte å høre på den monotone stemma hans bable om alt mulig. Menmen..
Vi snakkast!

Happy 17. mai!

Er ei stund sia eg har fått blogga no. Har hatt lita tid dei siste dagane, og så va blogg.no nede, og om ikkje det skulle være nok, måtte eg få kode til å komme innpå tilsendt på et Norsk nummer, nåkke som ikkje alltid er like enkelt når du ikkje eige ett norskt nummer. 
I går å shoppa nesten heile dagen. Blei kjempe fornøgd alle innkjøpa. Når eg kom heim og såg igjennom alt eg hadde kjøpt, blei eg nesten litt overraska over kor lite penga eg hadde brukt, i forhold til alt eg hadde kjøpt. Fekk kjøpt litt presanga til folk og. Blir ikkje nåkke stort, men synst det er kjekt å ha med seg nåkke heim. Etterpå reiste vi på kino og Såg X-men origins: Wolverine. Ikkje akkuratt min type film, men langt bedre enn frykta.
Må sei at eg blei veldig overraska når eg såg at Norge hadde vunne MGP når vi kom heim. Hadde fått med meg at Alexander var favoritt, men trudde helt ærlig at det ikkje kom til å gå så bra. Men når han først vann, så synst eg det var artig at han gjorde det så grundig, med å sprenge alle mulige rekordar.
Rart at det er 17. mai allerede og. I fjord blei det feira med flytur heim fra Kreta, dollypizza og fyrverkeri i Bergen, og rundtur i halve Norge på grunn av flystreik. I år blir det nok kino kan eg tenke meg, og kanskje eg får lurt inni litt is og. Begynner å bli nåkken år sia skikkelig feiring no, og må nesten sei at det hadde vore godt med litt rømmegraut i dag.
Uansett, Gratulerer med dagen Norge, og ikkje minst, Vebjørn! Håpar alle har kosa seg!

1720mai1


State testing og diverse

Både i går og i dag har vi hatt state testing på skulen, nåkke som betyr litt ekstra fri for meg. I går hadde eg som sagt veldig lite å gjer på skulen, så då tok eg fri istede. Det angra eg ikkje på, for deilig å ha en dag der eg ikkje trengte å stå opp tidlig, sminke meg eller stresse med nåkke. Gjorde egentlig ingenting anna enn å sykle og lage lunch, så eg kosa meg. I dag begynte eg ikkje før klokka kvart over 11, så fekk sove lenge i dag og. Ikkje fult så lenge som i går sia visse folk her i huset ikkje klare å ta hensyn til at andre folk søve, men fekk no inn et par timar ekstra. Hadde kun tre fag i, så var veldig grei skuledag. Bethany skulle på velkomst sermoni til French honors society i kveld, så vi fant ut av vi først skulle ut å ete middag, så skulle vi alle reise på det etterpå, sia det er en ganske ''big deal'' å få være med der. Men det satte jo selfølgelig Hayley en stoppar for. Det enda opp med at Bethany egentlig måtte reise aleine, men eg synst ikkje det var helt rettferdig at Hayley skulle få ødlegge kvelden for Bethany, så då blei eg med ho. Det ligge litt til med i historia, men eg trur at dåkke som veit korleis Hayley er, kan tenke dåkke resten.
Sermonien var skikkelig høgtidelig, dei som skulle får være med hadde pynta seg, og det blei lest opp stilar som dei sjølv hadde skreve på fransk. Eg blei til og med nevnt i Bethany sin, og det er tydligvis litt fleire enn eg hadde trudd som veit kem eg er, for når det blei lest, såg alle på meg.
I morra er det vanlig skuledag igjen, og så er det berre ei veke igjen før eg tar sommarferie. Neste veke begynne eg seint tre dagar, så går nok fort!

Best of both worlds

I dag er det som sagt kun to veker til eg sitter på flyet heim igjen. Og det blir rart og reise. Joda, eg gledar meg meir enn eg ka få sagt, men det er mange ting eg kjem til å savne. Mest av alt The George Family. Hadde ikkje verda vore perfekt om alle kunne ha det dei meinte var ''the best of both worlds''? Hadde det funka ville eg hadde eg tatt med meg prisane, sola og temperaturane, strendene, palmane og en god del av folka heim til Norge. Så ville eg ha sendt regnet, snøen og  raserianfalla til ei viss minste jente her i huset ned igjen hit.
Spansk final'en eg hadde i dag, gjekk forresten veldig bra. Hadde kun ein einaste skrive feil på stilen eg skreiv. Spansk er virkelig mykkje kjekkare her enn heime, og det hjelpe vel kanskje at læraren min er ''lærarkjendis'' visst det går ann å sei det, her i USA, for sine læreferdighetar.
No skal eg straks gå å ete middag, heimelaga enhiladas i dag. Så skal eg kun slappe av, og ikkje gjere nåkke som helst. I morra begynne eg ikkje på skulen før kvart over 11, og er ferdig klokka 2, så det blir deilig. Egentlig vurdera eg å berre bli heime, for har kun to timar, biologi, der vi jobbar med ett prosjekt, som eg og Bethany allerede har framført, og aiding, der eg ikkje har nåkke å gjere for tida uansett. Men vi får sjå. Kanskje eg skal være pliktoppfyllande, sjølv om eg egentlig ikkje trenge det.
Men middagen venta, så snakkast!

2 veker

2 veker til eg kjem heim til Norsk jord i dag! Gledar med. I dag skal eg ta spansk finalen min, sia eg ikkje er her på den vanlige final dagen. Er ikkje så veldig bekymra, berre håpar eg klare å huske alt fra boka eg skal skrive om. Ellers er det lite nytt her. Rob er i Finland, så vi jentene er heime aleine. I går bestilte vi pizza og åt is til dessert, akkuratt som ekte amerikanar.
Så vil eg Gratulere Tanta Margrete med dagen! Håpa den har vore super! Klem fra Juniten :)
Snakkast!

1762birthdayballoons200704121176401884



Mothers day

I dag har vi feira morsdag for Grandma Jo og Celeste. Før lunch reiste vi på kino for å sjå Ghost of girlfriends past, romantisk komedie. Likte filmen veldig godt egentlig, skikkelig jentefilm. Stakkar Andrew.
Når vi kom heim spelte vi ping-pong og bingo. På bingoen vant eg nesten alle omgangane, og eg fekk litt av kvart, sia grandma Jo hadde tatt med seg tjue forskjellige premiar. Når det gjelder ping-pongen, kan eg nok ikkje sei det samme om resultatet der, desverre...
Mandag igjen i morra. En av to gjenståande på El Toro. Synst vekene går fort, men helgene går jo enda fortare.. Heldighvis begynner eg ikkje på skulen før kvart over 11 på onsdag og torsdag, så då får eg hvertfall sove litt lengre. Men no skal eg sjå frustrerte fruer, så snakkast!

Italian Style

Måtte opp tidlig i dag, for Hayley skulle spele volleyball kamp klokka ni, så skulle vi reise rett på morsdagslunch med Grandma Pat etterpå. Kampen vart ikkje så veldig spennande, men det var forventa, så eg hadde tatt med veien til førerkortet boka mi, så fekk lest litt i den hvertfall. Har plana om å ta en av dei testane som en kan finne på nettet, å sjå korleis eg ligge ann. Håpa eg kan klare å få tatt testen ikkje så alt for lenge etter at eg kjem heim.
For lunch reiste vi på en ekte, family style Italiensk restaurant. Family style betyr at du bestille litt av forskjellige ting, så kan du ta det du vil ha sjølv. Vi bestilte en pastarett med kvit saus, en med kjøttsaus, og nåkke som heiter manicotti, som er fylt pasta penne. Maten var kjempegod, og vi hadde det egentlig kjempekoslig.
Etterpå har vi spelt endel ping-pong, sia dei har kjøpt seg bord, og så har det blitt litt avslapping, i tillegg til en time på sykkelen. Snakkast!

img0187

Så kom eg på at eg hadde lova å legge ut bilder fra Suprise Partyet sist lørdag, og sia eg glømte det då, kjem det nåkken få no.

img0044
Kelly, Ashley, Rachel, Meg og Sami
img0082

Jepp, dei blindfolda meg, og hadde det veldig morro. Kelly, Meg, Rachel, Udara, Ashley, Ashely og Sami.

img0089

Ashley og Udara

img0090

Jess.

img0154

Bethany, Ashley, Kelly, Men, Udara, Ashley, Rachel og Sami

img0147





Hei fra Bethany

This year has been an amazing year with Ina!  It was so nice getting to know her and learning about Norway...and attempting to learn some Norwegian.  My vocabulary is still limited to rompeball and rompetroll and what i have learned from raske men:)...Eg er en skitten liten pike...haha i've learned some more but I either can't pronounce it and Ina laughs at me or I have the attention span of a 'Typical American'. NOT! oh and i sang the norwegian national anthem like a pro!  anyway she immediately became part of the family, if only she would let me put up all of the embarassing pictures of her ;)...i'll put those on our family's blog right after she leaves so she doesn't kill me...We are all gonna miss her a lot!!!  Here you can see how much I love her...I love her more than a fat kid loves cake!! My favorite Norwegian unbiological sister:

pumpinup2


3253112724853807611330420853783495991900n

Pass deg

Sia eg kom hit, har eg fått høyre kor masse skummelt som skjer i USA, og kor forsiktig eg må være. Aldri snakk med fremmede, ikkje ta telefonen når du er heime aleine, pass på at ytter døra er låst 24/7, ikkje beveg deg utanfor døra uten en voksen etter av det har blitt mørkt osv. Sjølv om Lake Forest er på lista over dei 10 tryggaste plassane i USA, har det skjedd litt av kvart etter at eg kom hit. Banken berre ett par kvartala bortafor her har blitt rana 5 ganga, to av dei ganske så brutalt, og butikkane rundt om blir rana både titt og ofte. Om ikkje det skulle være nok, er politiet på skulen ganske så ofte for å sjekke ut rykter om pistolar og narkotika av diverse slag.  Eg må sei at alt snakke om kor farlig det kan være her, og kor forsiktig eg må være, gjer meg litt nærvøs til tider. Berre en ting som å være heime aleine kan bli litt skummelt, når det begynner å bli mørkt ute, men alt det blei veldig lite i forhold til det Vilde som er utvekslingsstudent i Venezuela var ute for her om dagen.  Tenk å våkne opp med en pistol i ansiktet, redselen ho må ha følt då, er nåkke eg trur ingen kan forestille seg. Det må være helt forferdelig.

Relax, take it easy

Dagen i dag har vore langt bedre enn i går, faktisk ganske så bra. Været er helt supert, gradene er tilbake på trettitalet, og på skulen gjer vi veldig lite vetig om dagen. Grade level testing, AP testing og State Testing pågår for fullt, og sia eg ikkje skal delta i nåkke sånt, får eg litt ekstra fritid. Ingen lekser anna enn å lese ei bok til engelsk, og ingen prøvar, så no har eg masse tid til å slappe av, nåkke som er veldig deilig. Er begynt å tenke litt på pakking, men synst det er vanskelig sia eg ikkje har anelse om korleis eg skal få med meg alt heim. Kan nok være fare for at eg ikkje kjem så masse lengre før et par dagar før eg reiser. Snakkast!

lagunabeach019

Hard to explain

Då var det kun tre veker igjen. Kun ei og ei halv veke igjen på skulen, så er det slutt Amerikansk High School for min del.
 I dag har det skjedd litt av kvart her. Eg trur det blir litt feil å legge ut om det her på bloggen, sia eg ikkje helt veit korleis eg kan forklare det på en måte det ikkje vil bli misforstått på. Det er ei lang histore, og eg veit ikkje heile greia engang enda, så blir ikkje no, men kanskje en anna gang. Eg har det hvertfall bra, så ikkje bekymre dåkke for meg!
Fekk snakka med mamma i kveld og, så no er eg i mykkje bedre humør. Så grett å berre kunne snakke ut med nåkken, uten å være redd for å sei nåkke feil. Fy som eg gleda meg til å sjå ho og resten av gjengen igjen!
Snakkast!

8497324503bbd5a3b36

Sunset

Fekk flybillettane i posten i dag, så no nærma det seg virkelig! Om tre veker er eg på vei heim igjen. Flyet  fra Los Angeles til London er 10,5 timar, og fra London heim er det ca 2,5 timar. Lenge, så eg trenge musikk tips!
Ellers er det ikkje veldig masse nytt her. Ei super helg er blitt til ei ny, ikkje fult spennande veke og svineinfluensa hysteriet har roa seg litt, sjølv om det faktsik har komt enda nærmare. Eg er fortsatt ikkje så bekymra at det gjer nåkke, virka ikkje som om folk blir så masse sjukare enn av vanlig influensa. 
No har Celeste forresten snakka med Michael duden fra EF, han som liksom skal være kontakten min, i en evighet. Lure på ka dei snakka om, sia ingen av oss egentlig har så masse til overs for han. Får vel vete det tidsnok. Så lenge eg sleppe å snakke med han, skal eg være fornøgd.
Eg hadde plana om å skrive nåkke anna enn berre babl idag, men blei visst det alikkavel, så trur eg berre gjer meg for i dag. Snakkast!

solnedgangsolbriller

Suprise!

I går var en helt super dag. Har ikkje hatt det så kjekt å lenge. Vi skulle møte ein heil drøss med folk til lunch på Fuddruckers, en slags farvell lunch for meg. Før vi reiste henta Rob ned koffertane mine fra loftet. Rart! Sia eg hadde god tid før vi skulle reise, rydda eg i masse av tinga mine, og kvitta meg med endel som ikkje blir med heimigjen. Eg hadde et lite håp om at det skulle minke litt på ting etter det, men nei. Eg trur eg kjem til å slite. Så reiste vi til Fuddruckers, og trur vi enda opp med å bli ca 25 folk der. Over 40 hadde blitt invitert, så godt som alt som kan krype og gå av folk eg har møtt utafor skulen, men sia lørdag ofte er gameday for dei som spelar sport, var det en heil del som ikkje kunne komme. Det er eg nesten litt glad for, for en heil del av dei som var der, hadde eg kun møtt en gang før, så blei litt.. pinlig til tider, for visste liksom ikkje helt ka eg skulle sei til dei. Fekk til og med et par presangar og kort.
Etterpå hadde eg blitt fortalt av Celeste og Bethany skulle på nåkke speidar greier, sånn at eg og Rob skulle reise og kjøpe morsdagspresang til Celeste. Vi var vekke i ganske mange timar, og når vi kom heim, gjekk eg inn døra først, og der hoppa det folk ut fra alle kanta og ropte Suprise! Eg trur at hjertet mitt hoppa over et par slag, for eg blei sikkelig skremt! Bethany, Rachel, Sami, Udara, Kelly, Ashley og Ashley, Celeste, Mr og Mrs Dittmar hadde laga til med mat og heile pakka, og hadde visst planlagt det i vekesvis. Eg hadde hørt nåkke kviskring nåkken daga før, men hadde ikkje peiling på ka det dreia seg om, og egentlig så hadde eg glømt det igjen. Vi åt chilli og så såg vi film fra tida mi her som Bethhany hadde laga til meg. Den var en halvtime lang, og hadde både filmklipp og bilder. Så utrulig kjekt!! Etter desserten, som bestod av friske jordbær, fekk eg beskjed om å ta på meg sko, så fekk eg skjerf foran augene, og blei tatt med ut i bilen. Vi kjørte lenge, og når vi stoppa, var vi på ei strand en eller anna plass. Der laga vi bål, grilla marchmellows og laga s'mores, og hadde det utrulig kjekt! Når vi kom heimigjen fann dei ut at eg aldri hadde vore å teepee'a, så å måtte vi det og. Teepeeing er altså å dorulle huset til nåkken. Barnslig, ja, men kjempekjekt. Rob kjørde oss, og vi tok huset til typen til en av Ashley ane. Det var ikkje så masse vi kunne sjå igjen av huset og hagen når vi var ferdige, akkurat. En kjempeartig kveld, og det gjekk virkelig opp for meg kor masse eg kjem til å savne dissa folka. Bilder kjem seinare, no skal eg hoppe i dusjen!

Fotografbilder

Air guitar i går var helt annleis enn ka eg hadde forestilt meg. Eg hadde trudd, og fått høyre på forehand at det skulle være skikkelig morsomt.  Det var det på en måte og, men ikkje komisk morsomt, sånn som eg hadde trudd. Det var vel på en måte et slags talentshow, der folk mima og laga dansar til diverse sanga, og hadde liksom et helt show. Det var nåkken innslag som var heller tvilsomme, men og nåkken som var utrulig flinke. Eg sjønna ikkje korleis dei klarte å finne på alt sammen. Fant en video av opninga, som ikkje var endel av konkuransen, på youtube, så dåkke kan få sjå.



Så fekk vi endelig fotograf bildene vi tok for nåkken veke sia, idag. Var ikkje helt det eg hadde forventa, men det var no nåkken bra bilder der.

fgvbhnjk

uten fghjkl

tyfugihjok

poiu

iuytfgvhbiuygt

May

sjølv om det ikkje er første mai her nede helt enda, er kalendarane snudde, og eg er komt i mai modus. Rosene til naboen blomstrar for fullt, og det luktar herlig! Akkurat no skulle eg egentlig ønske at eg var ute i lag med alle vennane mine, men det må nok vente en månad til. Istede reiser eg på Air Guitar i kveld. Eg skulle gjerne ha forklart ka det er, men eg veit faktisk ingen ting meir enn at det skal være ganske så morsomt, så forklaringa må nok vente til i morra.
Igjen så er svineinfluensaen ett hett tema på skulen, og no er blandt anna en skuledans på fredag avyst på grunn av det. I tillegg fekk vi beskjed om at visst det blei oppdaga smitta enda nærare enn det allerede er, kjem skulen til å bli stengt, sannsynlegvis i 2-3 veker.  Snakkast!

Svineterror

Ny oppdatering fra Amerikalandet.. Skulle ønske eg hadde litt meir spennande å fortelle om, men er nok ikkje så veldig masse i dag heller. Har merka veldig godt i dag at svineinfluensaen kjem nærmare for kvar dag. Lærarane prata om kor viktig det er med personlig hygiene, og er blir lettare paniske når nåkke hostar eller nyser. Det var til og med en gutt som gjekk rundt med munnbind i dag. Det er greitt nok at lærarane prata om det og sånne ting, men munnbind er litt på kanten synst eg, så lenge det ikkje er i nærområdet her, hvertfall. Må nesten fortelle om teorien til Biologi læraren min og. For nåkken veker sia var Obama i Mexico city. Berre dagar etterpå blir førstemann sjuk og diagnosert med svineinfluensa, nettopp i Mexico City. Ho meinar altsa at det er nåkken som har sluppe ut smitta, for å ramme Obama, altså, i følge Mrs. Carter er heile greia et terrorforsøk..
 Så er skulevalgkampen for neste års skuleråd eller ka det kan kallast i gang. Det skal blandt anna velgast student body president, og alt som er av veggar er tapetisert med plakatar med vote ditt og datt på. Er det en ting som virkelig er som på film, er det sånne ting. Har og fått vete at eg sleppe å delta i state testing neste veke, som er nåkke ala dei landsdekkande testane vi hadde så masse snakk om heime for nåkken år sia. Kom akkuratt på no at eg og Terese faktsik boikotta matte testen, men vi hørte aldri nåkke meir om det.. Uansett, det betyr at det er over og ut for store prøvar for meg i år, bortsett fra finals i spansk, som nesten er litt for lett til å være finals. Jippi er alt eg kan sei om den saken.
Eg leverte og inn framsida til konkuransen i dag, og responsen eg fekk fra Mr. Abdou var at det var veldig bra, men at oksen ligna for masse på ei ku, så han meinte eg ikkje skulle ha så store forventninga. Hallo? Oksen ligna for masse på ei ku? ....Samme dyret, forskjellig kjønn...  Jaja..
Etter skulen har eg sykla i en time, jobba med biologi lekser og et spansk prosjekt, så no skal eg berre slappe av. Snakkast!


sdfghjkl

Den røde prikken merkar kor eg bur.

4 veker

I dag har eg faktisk våre her i 8 månadar. Eg veit eg har sagt det før, meir enn en gang, men eg synst det er helt umulig å tenke at det faktisk har vore lenge. Eg har en følelse av å berre sove veldig lenge, drømt helt utrulig masse, for så og våkne opp og berre fortsette der eg slapp. Eg huska godt den dagen eg hadde vore her i en månad, og synst det var lenge. I dag er det berre en månad igjen. Fire veker. Det er jo ikkje lenge i det heile tatt. Eg gleda meg helt utrulig til å sjå alle igjen. Den fantastisk goe familien min, og dei like fantastiske vennane mine. Det skal bli utrulig artig å sjå kor masse alle dei små søskenbarna mine har vokst. Høre kor flinke dei har blitt å snakke. Og ikkje minst lille Adele som kun var nåkken daga gammal når eg reiste. Eg gleda meg til å kunne klemme mamma og pappa igjen, sitte oppe seine kveldar og sjå på tv med søstrene mine. Kunne prate på skikkelig med vennane mine igjen, komme tilbake til klassen min, og berre kose meg ilag med både vennar og familie. Det har vore utrulig opplevelsesrikt og kjekt å være her, men gu kor kjekt det skal bli å komme heim igjen.

malibu surfer

Svine influensa

Mandag igjen. Eg er veldig lite gla i mandaga, så deilig at dinna og snart er ferdi. Kun tre igjen no, så er det sommarferie. Ikkje så masse nytt i dag heller, egentlig. Lærarane har vore veldig opptatte av å snakke om svine influensaen, og sånn ting, sia den har klart å komme seg helt til San Diego, som berre er en halvtimes tid herfra. Eg har vel helt ærlig ikkje fått med meg så masse om ka det faktisk er, bortsett fra at store delar av befolkninga i Mexico går med munnbind. Eg er hvertfall ikkje så bekymra enda. Så har vi begynt på ny bok i engelsken i dag, Brave New World, der babyar blir laga i og fødd fra flasker, og Henry Ford, som i bilen Ford blir betrakta som gud. Jepp, snål bok for å sei det sånn. Kan ikkje akkuratt sei at den har så masse meining så langt hvertfall.

503x

Ellers har eg gjort ferdi skuleplanleggar framsida til konkuransen, så tenkte dåkke skulle få sjå idag. Blei ikkje helt sånn som eg hadde tenkt, men hadde ikkje meir tid, så får berre være sånn.
Snakkast!

sdfghjkledited2


Santa Monica i bilder

No er eg heime aleine, nåkke som er veldig deilig. Det er helt stille, nåkke det aldri er her ellers. Ikkje om natta en gang, for då har resten av gjengen snorke konkuranse. Har berre slappa av i dag, men unntak av en time på sykkelen, og litt biologi lesing. Hadde plana om å rydde rommet mitt og diverse og, men kom ikkje lengre enn til å henge opp dei klea eg kjøpte i går, så tar det heller en anna gang. Her kjem forresten bildene fra i går, akkuratt som lova. Blei kun ett fra Hollywood dinna gangen, sia eg var for opptatt med å dra bank kortet mitt, men blei litt fra Santa Monica hvertfall. Snakkast!

img0112

Sjekk ut Jesus-duden, midt i Hollywood. Mot kun et lite bidrag. kunne han både helbrede og frelse.

img0115

img0179

img0129

img0123

img0127

img0147

img0148

img0149

img0157

Hollywood og Santa Monica

I hadde vi fri fra skulen, og reiste opp til Santa Barbara. Bethany og co skulle sjå på college, så då slegte eg med med. Blei sittande på biblioteket i lag med Celeste menst dei var på omvisninga, så fekk lest masse i Veien til førerkortet boka. Ikkje så masse igjen no. Når dei vart ferdige der reiste vi ned på stranda ei stund, men vart ikkje så lenge som planagt, sia vi ikkje var så heldige med været. Når vi skulle kjøre igjennom Los Angeles på veien heim, var det veiarbeid, klokka 10 om kvelden, så vi blei sittande fast i trafikken. Eg sov egentlig nesten heile veien, så det plaga ikkje meg så masse at vi ikkje var heime før halv tolv.
I dag for eg Bethany og Rob først til Hollywood, sånn at eg skulle få en siste tur dit før eg reiser heim. Vi shoppa litt, og gjekk litt rundt om, før vi reiste vidare til Santa Monica. Vi stoppa med piren og stranda, som dei fleste sikkert kjenner igjen fra Pacific Blue og Private Practice. Var et kjempfint område, men sandstrand så langt du kunne sjå, piren hadde både pariserhjul og berg- og dalbane. Likte meg veldig godt der, skulle berre ønske at vi hadde litt meir tid og litt mindre vind. Skal legge ut bilder i morra, for blei litt seint i dag og.
Snakkast!

The Angels vs The Tigers

I går hadde vi som sagt late start. Fekk ikkje sove så mykkje lengre, men deilig å ha litt ekstra tid om morningen. Bethany reiste ikkje på skulen, for ho hadde fått ei vaksine om morningen som en visst kunne bli litt slapp av, så då sa Celeste at eg kunne komme heim etter andre time, så kunne vi reise på kino. Vi såg Knowing, med Nicholas Cage, som egentlig var kjempebra, helt til et visst punkt, då dei drog fram et romskip, som ødela heile historia.
På ettermiddagen var det klart for baseball kamp. Eg trudde det skulle bli mykkje lettare å følge med det enn amerikansk fotball, sia det minner litt om slåball. Der tok eg grunding feil. Kvar gang eg trudde eg hadde komt inn i det, og begynte å forstå ka som føregjekk, skjedde det nåkke nytt, og eg satt der som eg spørsmålteikn. Kan hvertfall trygt sei at det eg kjekkare enn Amerikansk fotball, men det varte kjempelenge. Kampen, som forresten var mellom Los Angeles Angels og Detroit Tigers, begynte klokka sju, og når vi reiste ca halv 11, spelte dei enda. Angels tapte 10-12, men i følge dei som hadde peiling, var det en bra kamp uansett. Det var ikkje mindre enn 43 000 folk å såg på kampen, så det var helt enormt med stemning der. The  Det var nesten det artigaste av alt, å sitte å høyre på kan folk ropte ned på bana, akkuratt som om spelarane kunne høre dei. Det var og to smartinga som fann ut at dei skulle ''storme'' bana, altså hoppe ove gjerde og springe til politiet fekk tak i dei, for så å tilbringe resten av natta i fengsel, og bli annmeldt for trespassing. Ekkje helt sikker på ka trespassing vil sei på Norsk, men eg fekk høre at det ofte innebar 1-2 år i fengsel. Kor dom går det egentlig ann å bli? 1 min på tv, for 1 år i fengsel?
Jaja, var hvertfall artig å ha det med seg.
I dag har det vel egentlig berre vore vanlig skuledag. Var eg tur til Costa Mesa for å levere nåkke hos grandma Pat, ellers har eg berre sykla og jobba litt med ei framside til skuleplanleggaren neste år. Det er en konkuranse, der vi skal lage ei framside i photoshop etc, og Mr. Abdou meinte eg måtte sende inn et forslag, så eg skal hvertall prøve. Det må være bilde av en okse sia det er skulelogoen, og det er ikkje verdens enklaste ting å bygge opp bilde av en okse, men har et par idea, så dåkke skal få sjå når eg er ferdi. I morra skal vi til Santa Barbara, der speider gruppa til Beth skal sjå på et collage, så eg fann ut at eg skulle slenge meg med. Men no skal eg sove, så vi snakkast!

3574232f


losangelesangels

Støtt Regine!

For å samle inn pengar til kreftsaken, har Regine Stokke i samarbeid med Beltespenner.com begynt å selge kle. På framsida er det bilder av Regines egne auger, redigert av ho sjølv,  og på baksida står sitatet Face Your fear. Accept your war. It is what it is, tatt fra henna egen blogg. Klea er kjempekule, og pengane går til en god sak, så koffor ikkje støtte ho? Eg har nettopp bestilt meg ei t-shirt sjølv, og oppfordra alle andre til å gjer det samme. Her finner du dei; http://www.beltespenner.com/oscommerce/bannersider/regine.php 

reginestokkevneck

Baseball kamp og Late start

Enda en varm, deilig dag. Når eg gjekk å la meg i går, klokka elleve, var det fortsatt 31 grader ute, så sove var ikkje det enklaste, men med vifta i take på fult, gjekk det etter ei stund. I dag har det vel ikkje skjedd så masse spennande egentlig. Hadde prøve i Biologi, uten at eg egentlig veit korleis det gjekk. I Web Design begynte vi med nytt prosjekt i flash, nåkke som er litt stressande, for alt må gjærast etter punkt å prikke, visst det i heile tatt skal funke. I tillegg skal både ditt og datt bevege seg både hit og dit, akkuratt til det rette tidspunktet. Men når alt faktsik stemmer og eg får det til, er det kjempekjekt. I morra skal eg, Rob, Hayley og Andrew på ekte Amerikanks Baseball kamp, akkuratt sånn en kan sjå på film. Eg blei litt skeptisk når eg fekk høyre at en kamp gjekk minst to timar, med tanke på at dei berre kastar ballen, slår den, og springe rundt en runding greie. Men eg skal no teste det, så får vi sjå kossen det går.
Så har vi og Late start i morra, så skulen begynne ikkje før halv ti. Det betyr at eg får sove en og en halv time lengre, og eg gleda meg allerede!
Snakkast!

varmt, varmare, varmast

I dag har det vore skikkelig varmt ute. Enda varmare enn i går. Ganske sikkert den varmaste dagen sia eg kom hit. Kanskje til og med det varmaste eg nåkken gang har opplevd. Gradestokken kraup godt over 40, trur det var så godt som 43 grader når eg kom fra skulen. Når det er så varmt er det ikkje spesielt hyggelig å sitte på skulen, spesielt ikkje når air conditionet bestemmer seg for å streike i samtlige klasserom. Men til og med det har sine positive sider, sia nåkken av timane blei korta ganske så masse ned, nåkke som aldri skjer ellers. Skulle ønske eg kunne ligge på stranda og kose meg, istede for å sitte på skulen å svette, men eg klagar ikkje, for det er sommar, og det føles deilig!
No sitte eg på rommet mitt, er ferdig med alt vetig som skal gjerast i dag, inkludert syklig, og berre slappa av i deilig avkjølt rom. Air condition er en genial oppfinnelse, hvertfall når det funkar.
Snakkast!
Les mer i arkivet » August 2009 » Juli 2009 » Juni 2009

Ina Therese

18, Gaular

Her kan du lese om året eg bestemte med for å bytte ut lille Norge med store USA. Skrive om det positive, negative og ikkje minst alle dei nye opplevelsane eg får her nede. Eg bur i Lake Forest, OC, California, der eg er senior på El Toro High School. Lure du på nåkke? Send meg en mail på ina_th13@hotmail.com

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits